Ja, slik er det å gå på skule du...eller på "uni" som dei kallar det her til lands. Å skrive to oppgåver samtidig skal ikkje vere lett du, sjølv om eg må vedgå at den i diskursanalyse ikkje har kome på trykk enno. Men det er no også masse kjekt å finne på når ein held på å skrive! Eg sjølv meinar no at det eg har fått gjort har litt større "nytteverd" enn det ho Kathrine nemner i innlegget under, så eg skal gje dåkke ei tisvarande liste:
*I dagtidleg konfronterte eg ein stooooooor edderkopp for fyrste gong!
Kathrine, som brukar å verne meg frå slike opplevingar, var utilgjengeleg (les: sov)
Eg må vedgå at eg var litt vonbroten når eg stolt synte Kathrine edderkoppen (som fortsatt ligg der ugjerninga hende) og ho sa den var "liten"
*Vore på skule og fått råd om eine oppgåva med læraren
- boka han sa eg burde lese var diverre ikkje mogleg å få tak i
* "Sola meg" i skiftande skydekke saman med Kathrine
*Lese aviser på verdsveven
*Vore innom Fjæsboka
*Skjekka om eg har motteke straumbrev
* Gjort føtene mine klare til sommarsesongen (rosa neglelakk)
Prioreterte dette punktet i staden for å støvsuge -årsaka til at edderkoppen fortsatt ligg der eg forlot han i dagtidleg...og sidan eg tok pedikyr, tenkte eg at eg kunne ta ein manikyr i samme slengen.
*Lese Kathrine sitt blogginlegg
Boooooring :P ...men JA, naboen liknar på Orlando Bloom...og han tok kontakt med Kathrine i dag medan eg var på skule. Eg trur nok at eg må bli heime heretter, og passe på - ikkje sant Oddgeir? :P
*Laga eit meir forvitneleg blogginnlegg enn Kathrine :P
(er ikkje fargane fengjande?)
Informasjonen over skidrar sjølvsagt ikkje heile dagen min...berre det som vekkjer gaumsemd.
Næmmen, sjå svanebebisane da!

Eg vil nytte høve til å informere dykk som enno ikkje har oppdaga det, at bloggen vår er ei side dykk kan søkje opp på verdsveven. Straumbreva dykk mottek på hotmail eller liknande er berre for å varsle dykk om oppdateringar. Viss de tastar inn: http://agurknyhende.blogspot.com/ på linja øvst på skjermbiletet vil det opne seg ein ny verd, der de kan kommentere på bloggen og sjå alt me har lagt ut sidan me byrja.
Til slutt vil eg oppmode dykk til å følgje rådet til Kathrine! Me saknar dykk alle! :)
PS: Hadde vore koseleg om klubbjentene hadde laga ein blogg slik me to kunne følgje med på kva som gjekk føre seg heime også. Det er ikkje farleg!- iallefall ikkje viss ein samanliknar det med fjæsboka, der nesten kven som helst kan sjå bilete av dykk, berre nokon dei kjenner har kommentert på det!
Høyrer rykter om at ei viss frøken Andersen har vore ein forkjempar for dette - You go girl! :)
No comments:
Post a Comment