Friday, 30 January 2009

Fridagen (aka Den store hattedagen)

På onsdag hadde vi fridag & store plana! Dei store planane inkluderte mellom anna sightseeing i byen, shopping (av nødvendige artiklar), middag & kino. Desse planane vart litt amputerte, då vi ikkje kom oss opp før klokka var 14....ja, vi veit! Til vårt forsvar kan vi meddele at vi døgnet før hadde vore oppe i heile 36timar....ja, vi veit! MEN, det skal seiast at vi kava med å skrive vårt første essay her borte...

Butikkane her stenge vanligvis klokka 17.30. Det vil sei at vi ikkje rakk å kike i so veldig monge butikka den dagen. Men, heldigvis snubla vi over en hattebutikk! Vi tenkte det kunne vere morsomt å gå inn å prøøøve litt, og ho Henny hadde sett sej ut én spesiell hatt ho synst va veldig fin:-) Det va so vidt ho tørte å spør om ho fekk lov til å prøve den, men i det øyeblikket ho fekk hatten plassert på haudet, va den solgt... Over ser vi ei tydelig fornøgd taus med sin første hatt:-) (Nåken tips om kordan vi kan frakte den heim??)


<---- Henny Mari aka Mette Marit ** No må det snart bli et bryllaup, slik ho Henny fæ bruke hatten!! (Silje)
Etter å ha drassa longt & lenge på dinna hatten na Henny, va vi ganske slitne...Og frokost hadde vi ikkje spist! So då gjekk vi til George Hudson St. der dei he aaalt av asiatisk mat! Valget falt til slutt på Thaida Thai Cuisine, der me bestillte oss Massaman Chicken...mmmmm:-)
På bildet over he ho Kathrine fått det ho vil ha!..Også thailandsk øl;)
<--- Ole Gunnar, Linn Cecilie & Marte va også svoltne, og kom og åt attmed oss før vi for på kino. (Vi såg forresten "Milk", og den kan vi anbefale på det sterkaste!)

<--- Men før kino va det selfølgelig feiring av hattekjøpet & dessert!:-) E man prinsesse, so e man prinsesse...;)

No comments:

Post a Comment